Toppstua opnar på søndag

Søndag 13. september er det igjen open kafé i Toppstua i Varingskollen frå kl. 11–15. Du får kjøpt kaffi☕️, brus, saft, fersk vaffel og sjokolade – og du får ein flott tur som blir krona med den beste utsikta i bygda når du når toppen.

Betal med Vipps eller kontant. Vi har godt med handsprit, passar på at det er god avstand i køen, og det er ingen sjølvbetening.

PS: Kafeen er open kvar søndag heile september og oktober.

God tur!
Helsing langrennsgruppa i Hakadal IL

Utskrift